Sommarles – lesekampanje for ungdom i Fjell-skulen

Veit du at lesing gjer deg smartare? Ikkje berre utvidar lesing ordforrådet og betrar språket ditt. Fantasien din blir rikare og evna til å setje seg inn i andre sine kjensler vert større. Masar mamma og pappa om at du bør legge vekk telefonen og heller lese ei bok? No har du høve til å overraske dei. Ved å vere med på «Sommarles – lesekampanje for ungdomar i Fjell-skulen» får du tips om gode ungdomsbøker du kan ta med deg på hytta, i byen, på fjellet eller stranda. Ver ein lesehest i sommar og gje klassa di moglegheit til å vinne ein heil time med paintball!

Sommarles-perioden startar 12. juni og varar til 31. august.

Reglane er som følgjer: For å vere med i konkurransen må du lese minst ei bok på nynorsk. Det å lese litteratur på begge målformer gjer deg flinkare i språk, så gjer smarte bokval. Klassa som les flest bøker i løpet av sommaren går av med sigeren.

Læraren din melder på klassa di ved å registrere ho her.

Registrer bøkene du les i sommar via denne lenkja.